vifanord Congress Calendar

Norske historiedagar 2024

Location:🇳🇴 Bodø, Norway
Organizer:Nord universitet
Website:https://www.nord.no/arrangementer/konferanseseminar/norske-historiedagar-2024
First day:2024-06-27
Last day:2024-06-29
Categories:📜 History / Archeology
Description:

30 år etter avstemminga om norsk tilknyting til EU (1994) tar vi omgrepet «dikotomisering» opp som tema for dei norske historiedagane. Då handla spørsmålet dikotomiar, nærmare bestemt omgrep eller fenomen som rommar eller byggjer på omgrepsmotsetningar. Det var snakk om dikotomiar om folk og elite, by og land, sentrum og periferi, Europa og Noreg, og ikkje minst mellom nasjon og union. Dikotomiane auka også kjensla av demokratisk krise, og prega den offentlege debatten då som no. Dikotomiane har ein evne til å stimulere til polarisering, og kan fremje populisme. Då kokte spørsmålet til sjuande og sist ned til dikotomiane «ja» eller «nei», som var einaste tekst på stemmesetelen i valet i slutten av november 1994.

Dikotomiar er viktige omgrep som forenklar erkjenningsverda vår, og dei seinare åra har dikotomiar kanskje blitt enda viktigare enn før, også for historikarane si behandling av komplekse tema.

Norske historiedagar blir halde i den europeiske kulturhovudstaden Bodø i 2024, i den byen 59,9 % av folket stemte mot EU. Historia er full av paradoks og nyansar, noko vi vil adressere i det landet 52,5 % av folket også stemte nei. I dag er land og by eit utanforland og ein utanforby i eit europeisk fellesskap.

Dikotomisering og polarisering kan skygge for det offentlege ordskiftet. Det norske historiemiljøet blir derfor utfordra til å drøfte og problematisere den utstrekte bruken av dikotomiar i det offentlege ordskiftet. Det gjeld ikkje berre dei som arbeider med moderne historie eller samtidstema, men også historikarar med forsking på antikken, mellomalderen eller tidleg-moderne periodar. Det er særleg viktig nettopp å analysere dikotomiane i tidsperspektiv for å forstå dei langsiktige verknadene dei har hatt for Noreg i dag. Historiedagane i 2024 vil såleis utfordre samtidas unyanserte, lite finmaska bruk av dikotomiar.